Home    ICT    Music    Adventure    Other    Me    Bullying    Learning    Economy    CV  
 
Home
Economy
Få kontroll over økonomien
Få kontroll over økonomien
Økonomirådgivar advarar mot avtalegiro fordi ein mister oversikta over økonomien. Samstundes gir avtalegiro ei tryggleik om at rekningane vert betalt, og denne tryggleiken må ein ikkje undervurdere konsekvensen av. Der er måtar å halde oversikta over økonomien og nytte avtalegiro som ein fordel, ikkje ei ulempe i denne samanheng.

Det største problemet eg ser folk har med å halde orden på økonomien er korleis dei deler inn formua si - eller rettare sagt ikkje gjer det. Eg opererer med fleire konti med forskjellige formål, ein strategi som hjelper meg å nytte midla mine til det eg har planlagt. Samstundes får eg svært lett oversikt over kva som er frie midlar.

Bankkort på eigen konto

Det fyrste tiltaket eg gjorde var å setje bankkortet på ein annan konto enn lønskonto. Dette utgjer ein tryggleik dersom eg skulle verte utsatt for svindel - der er grenser for kor mykje eg kan tape, og rekningane mine vert framleis betalt.

Dersom eg treng meir midlar enn eg har på kortet, er det ei bevisst handling at eg overfører pengar til bankkortet. I den operasjonen ser eg umiddelbart kva midlar eg har tilgjengeleg i mobilbanken, og har dermed såpass oversikt at eg kan ombestemme meg og seie om denne utgifta passar akkurat no.

Som ei ekstra sikring, overfører eg eit vekesbeløp til bankkortet. På denne måten har eg ein jamn straum av midlar som ikkje endrar seg. Uansett om ein månad har 28 eller 31 dagar, så får eg nøyaktig same beløp tilført bankkortet kvar mandag. Beløpet er basert på eit snitt av dei vanlege utgiftene som går over bankkortet.

Utjamningskonto

Ved hjelp av eit rekneark har eg slått saman alle forventa rekningar eg får over eit år. Utjamningskontoen får tilført eit beløp frå lønskontoen i overkant av snittet av desse utgiftene kvar månad på lønningsdag.

Alle løpande rekningar og "vekesløna" til bankkortet vert så trekt frå utjamningskontoen, ikkje lønskontoen.

Rekningar går stort sett på avtalegiro, og midla til desse har med andre ord allereie vorte satt av på løningsdagen. Så lenge eg let utjamningskontoen leve sitt eige liv, slepp eg å bekymre meg om rekningane. Dei er allereie "betalt" frå løningskonto før dei faktisk er betalt.

Attpåtil er trekket frå lønskontoen like stort kvar månanad, så eg kan halde same livsstil uansett om eg er i ei periode med mange rekningar (typisk vår) eller få rekningar (typisk sommar).

Lønskonto

Inntekter går altså inn på lønskonto. Frå denne vert det - på løningsdag - trekt for huslån og overført midlar til utjamningskonto, prosjektkonto, sparekonto, veldedigheitskonto og investeringskonto. Det som står att i lønskontoen er dermed frie midlar og kan nyttast dersom behovet vert større en det vanlege - til dømes når ein finn ut at alle ungane skal få seg oppblåsbare badekrokodiller.

God økonomi med avtalegiro

Avtalegiro er altså eit verkty. Og som med alle verkty, må ein nytte det på rett måte. Skal ein ha eit bevisst forhold til økonomien sin, må ein ha eit bevisst forhold til økonomien sin. Ved å nytte fleire bankkonti og prinsippa til utjamningskonto, kan ein nyte godt av sjelefreda som avtalegiro gir, samstundes som at ein får rask, anstrengelsesfri oversikt over økonomien rett frå mobilbanken.

comments powered by Disqus

Previous: The leveler account

Built using CMS-library for Trollsilm Tagged Template