Home    ICT    Music    Adventure    Other    Me    Bullying    Learning    Economy    CV  
 
Home
Other
Crazy ideas
Surfolkspolitikk
Surfolkspolitikk
Det er mykje snakk om urfolka i Noreg og verda generelt, men ingen tek opp spørsmåla rundt den mest underkua folkegruppa - surfolket. Det er generelt lite debatt rundt ganske mange folke- og dyreslag. Eg har difor laga ei oppsummering av det som media stort sett overser.

Urfolk - Folk som let klokka (uret) råde over liva deira. Desse utviklar seg etter kvart til:
Surfolk - Folk som har vorte svært sure. Dette kjem som regel av at høgtståande politikarar i valperioder stort sett driv med...
Lurfolkspolitikk - Altså at dei går inn for å lure folk. Dei einaste som ikkje let seg lure er...
Turfolk som stort sett er å finne på tur, så lenge dei ikkje vert hindra av...
Murfolk - Folk som likar å bygge murar. Desse har tradisjonelt vore å funne i Kina (jmf. den kjende Kinesiske Mur), seinare i Berlin, og for tida i det omstridde området Israel-Palestina. Desse må ikkje forvekslast med...
Burfolk som mest likar å hindre seg sjølve ved å bu i bur.
Durfolk er surfolkets rake motpart, då dei likar å synge i dur. Desse går godt saman med...
Kurfolk som kan å nyte livet på spahotell.

Urtolken dukka opp i Belgia like etter Babylons fall. Det er lite urtolkar att i verda, då dei har utvikla seg inn i fleire undergrupper. Her er nokre:
Burtolk - tolkar som sit i bur. Stor sett å finne i Brüssel og fleirspråklige mediasendingar.
Durtolk - tolkar som omset alt til song i dur.
Kurtolk - tolkar som spesialiserer seg på medisin, desse finn du stort sett på sjukehus.
Lurtolk - tolkar ikkje nøyaktig det som vert sagt, men endrar innhaldet til fordel for seg sjølv. Til dømes kan den engelske frasa "I hate you, must you burn in hell" verte lurtolka til "Det er nok best at me gir tolken ei flaske vin."
Murtolk - studerar murar omkring i verda og tolkar kva murfolket prøvde å uttrykke med den enkelte mur.
Surtolk - tolkar alt på surast mogleg måte. Dersom dei ikkje får hjelp av psykiatrien vert dei som regel rekna som gift - i dobbelt forstand.
Turtolk - tolk som stort sett er ute på tur, som oftast bærtur. Dette kjem av at dei ikkje kan språket dei skal tolke frå eller til. Kan forvekslast med lurtolken. Skilnaden er altså at lurtolken tolkar feil med vilje.

Urdolk - For to millionar år sidan kraup urdolken ut av Østersjøen og kom på land i det som i dag er Finland. Der utvikla dolken seg som ein parasitt festa til hofta på finnar. Dolken og finnen danna så eit symbiotisk forhold og er difor lett å sjå i finsk fjernsynsteater. Urdolken utvikla seg så i fleire retningard:
Burdolk - Ein dolk som brukar mesteparen av tida si i bur, enten fengsel eller andre typer bur.
Durdolk - Ein dolk der bæraren syng medan dolken dolkar.
Kurdolk - Ein dolk som kurerer samfunnet. Også kjend som "den vesle bøddelen min".
Lurdolk - Ein dolk som lurer seg umerka frå menneskerygg til menneskerygg.
Surdolk - Ein sløv dolk som vert skarp berre når bæraren er sur.
Turdolk - Ein dolk som stendig skiftar eigar. Også kjend som "dolkens forbannelse".

Previous: Palun multifilmi! / Please cartoon! Next: Drugs in sports

Built using CMS-library for Trollsilm Tagged Template